torsdag 16. juli 2015

Stundar

Hugsar du den sommardagen for fire år sidan, Oskar?
Du låg i sakkostolen din, i eit hjørne på kjøkkenet uti huset.
Eg la meg ned ved sia di, som eg hadde gjort så mange gongar før.
Vi låg ofte slik og sludra, du og eg.
Det var dei fredeligaste studane.
Eg fortalde skrøner, du gliste.
Eg fortalde hemmelegheitar, du såg på meg med dei store augo dine, dei sa du forstod. Ein augonblink av stillheit i dei ellers så travle augo. "Bekymre deg ikkje tante, eg sei ingenting."
Ein kunne drukne i dei augo, der inne fant ein sjelefred, ein som lærte oss å ver takksame for tida vi har.

Eg saknar så inderlig dei stundane der. Eg strauk fingrane gjennom det stive håret. Haldt godt fast i den mjuke handa. La hovudet på brystet ditt og kjente hjartet banka.

I dag hadde du vore 17 år. Vi feirar deg og åra vi fekk saman med deg. Vi feira minna. Dei gode studane. Dei fredelige studane. Studane vi kom oss gjennom. Stundane du kjempa. Stunda du fekk fred. Vi feirar livet ditt, Oskar.

Ingen kommentarer: