mandag 9. desember 2013

Rart med det.

Rart med det. At der e daga so skille sej ut. Sjøl om oss alltid savna dej, alltid tenke på dej. So e der daga der oss tenke ekstra mykje på dej. Det e enkelte tider der en virkelig kjenne det på kroppen at der e nokke so mangla.

Rart med det. At det sjøl om det he gått to år, kjennes det ut som om det va i går. I går at ej fekk beskjed om at du hadde reist. 

Rart med det. At sjøl no kan ej kjenne korleis det va å stryke handa gjennom håret ditt. Ej kan kjenne for mej dei mjuke hendene dine. Forma på nasen din. Kinnet ditt mot mitt.

Kor ferskt det kan kjennes sjøl etter to år. Samtidig he det blitt lettare, ivertfall for min del. Der gjenge ikkje en dag uten at Oskar e innom tankane, på en eller anna måte. Men den tunge sorga kjøme kanskje ikkje like ofte som før, men den e høgst gjeldende og like slående når den melde sin ankomst. Slaget og knuten en fer i magen e like låk som før. 
Det e lettare å smile no når ej tenke på dej, Oskar. Dei goe minna e sterkare en det låke. Dei fantastiske åra oss fekk me dej, og alt oss tok med oss på dei åra e meir framtredende no. Det e godt å kunne minnast gleda og all kjærligheten uten att det skal sette meg heilt ut. 

Det ej trur at ej savna aller mest Oskar, e at du ringe. Sjøl ette to år teke ej mej sjøl i å tenke at det skulle vør godt me en Oskar prat. Dissa andre gutane ekje like pratsomme i telefonen so du va. Maste alltid på morra di at ho måtte ringe igjen vist du ikkje va der. Det vakje alltid du hadde so mykje å sei, men som oftast la du ut i det vide og der breie og alltid va det fantastisk å høre på.

Oskar, for alltid i hjarta våre. Og i dag banka hjerta våre litt ekstra for dej, kompis. 





fredag 26. april 2013

Konfirmanten vår

Eg skulla reist heim denne helga. Eg skulla gløymt å spøre om nokon kunne passe Sutte. Kamilla sku spurt meg ka ho kunne ha på, so ikkje he bunad. Eg skulla tenkt på sanga, dikt, en tale. Eg skulle kjøpt den finaste gåva. 
Heime skulle dei stresse meir enn ka dei bruka. Matlaging, bordplanlegging, pynting, bunad. Stryke skjorte. Severingsdamer. E det nokk kake tru? Korleis blir veret? 
4 familier, samla om ein gut. Konfirmanten vår. 

Av og til står alt stille. Av og til stoppa alt opp. Av og til er det berre du som eksisterer. Verda blir kobla ut. Minna om deg e det einaste som betyr nokke.

Av og til har tida gått så alt for fort. Det er så alt for lenge sia eg holdt deg sist. Det er så alt for lenge sia eg fekk ein telefon frå deg. Det er so alt alt for lenge sia.

Av og til er alt så nært. Så alt for brått. Alt for rått. Så nytt. Ferskt. Såret er alt for åpent. Skorpa kjem av og det blør på nytt.

Eg får ikkje reise heim i helga. Eg skal ikkje glømme kven som skal passe Sutte. Eg skal ikkje tenke på sanga, dikt eller tale. Eg skal ikkje kjøpe den finaste gåva.
Dei skal ikkje stresse meir enn vanlig heime. Ingen bunad, bordplanlegging eller pynting. Skjortene får henge i skapet. Veret blir som det blir.

Men Konfirmanten vår er du likevel. Det er det ingen tvil om. 



torsdag 24. januar 2013

I dag

I dag e en sann dag der ej ikkje klare forstå.
I dag e en sann dag der ting e litt vanskligare.
I dag e en sann dag der sparket i magen e litt hardare.
I dag e en sann dag der alt minne om dej.
I dag e en sann dag der holet veks.
I dag e en sann dag der det ej vil e å snakke me dej.
I dag e en sann dag der tida stende litt stille.
I dag e en sann dag der tårene kjøme lett.
I dag e en sann dag der bringa verke. Der hjertet e sårt. Og pusten kort.
I dag e en sann dag der savnet e ekstra stort.

onsdag 16. januar 2013

Frys

Søndag var ej på en aldeles nydelig og kaldt sparsertur rundt store StokkaVatn. 
Himmelen var blå og verda kvit av frost. Deilig