lørdag 17. oktober 2015

To bilde

Ej  rydda i nokre ting her en dag. Der datt ut et bilde, et ultralydbilde, datert til februar 1998. Et bilde tatt heilt i begynnelsen. Før oss viste ka så kom, før oss viste kor mykje glede, sorger, bekymringer og lykke du tok med deg.

Bilde hadde ej knabba med meg frå Vigra. Av og til skulle ej ønske ej flytta heim før, så ej kunne hatt meir tid med deg. Av og til riv det i meg fordi ej ikkje va meir heime, for at ej ikkje var meir attme dej. Av og til... 

Ej tok bilde ej fann og hang opp på korktavla. To bilde side om side. Et frå begynnelsen, et frå slutten. Slutten som oss skulle ønske aldri hadde komt. Slutten som kom så alt for brått. 

Men det var ikkje slutten på deg Oskar. Du leve vidare i hjerta våre. Du leve vidare i gleda du gav oss. Du leve vidare i alt du lærte oss. Du leve vidare i alt du viste oss. Du leve vidare i oss.

 Du e alltid med mej Oskar. Alltid i tankane mine. Ting ej ser, høre, lukte, som minne om deg gir mej et smil om munnen og klump i halsen. 

Alltid. 


torsdag 16. juli 2015

Stundar

Hugsar du den sommardagen for fire år sidan, Oskar?
Du låg i sakkostolen din, i eit hjørne på kjøkkenet uti huset.
Eg la meg ned ved sia di, som eg hadde gjort så mange gongar før.
Vi låg ofte slik og sludra, du og eg.
Det var dei fredeligaste studane.
Eg fortalde skrøner, du gliste.
Eg fortalde hemmelegheitar, du såg på meg med dei store augo dine, dei sa du forstod. Ein augonblink av stillheit i dei ellers så travle augo. "Bekymre deg ikkje tante, eg sei ingenting."
Ein kunne drukne i dei augo, der inne fant ein sjelefred, ein som lærte oss å ver takksame for tida vi har.

Eg saknar så inderlig dei stundane der. Eg strauk fingrane gjennom det stive håret. Haldt godt fast i den mjuke handa. La hovudet på brystet ditt og kjente hjartet banka.

I dag hadde du vore 17 år. Vi feirar deg og åra vi fekk saman med deg. Vi feira minna. Dei gode studane. Dei fredelige studane. Studane vi kom oss gjennom. Stundane du kjempa. Stunda du fekk fred. Vi feirar livet ditt, Oskar.