fredag 26. april 2013

Konfirmanten vår

Eg skulla reist heim denne helga. Eg skulla gløymt å spøre om nokon kunne passe Sutte. Kamilla sku spurt meg ka ho kunne ha på, so ikkje he bunad. Eg skulla tenkt på sanga, dikt, en tale. Eg skulle kjøpt den finaste gåva. 
Heime skulle dei stresse meir enn ka dei bruka. Matlaging, bordplanlegging, pynting, bunad. Stryke skjorte. Severingsdamer. E det nokk kake tru? Korleis blir veret? 
4 familier, samla om ein gut. Konfirmanten vår. 

Av og til står alt stille. Av og til stoppa alt opp. Av og til er det berre du som eksisterer. Verda blir kobla ut. Minna om deg e det einaste som betyr nokke.

Av og til har tida gått så alt for fort. Det er så alt for lenge sia eg holdt deg sist. Det er så alt for lenge sia eg fekk ein telefon frå deg. Det er so alt alt for lenge sia.

Av og til er alt så nært. Så alt for brått. Alt for rått. Så nytt. Ferskt. Såret er alt for åpent. Skorpa kjem av og det blør på nytt.

Eg får ikkje reise heim i helga. Eg skal ikkje glømme kven som skal passe Sutte. Eg skal ikkje tenke på sanga, dikt eller tale. Eg skal ikkje kjøpe den finaste gåva.
Dei skal ikkje stresse meir enn vanlig heime. Ingen bunad, bordplanlegging eller pynting. Skjortene får henge i skapet. Veret blir som det blir.

Men Konfirmanten vår er du likevel. Det er det ingen tvil om.